Tor
Regn
Nedbør: 1.5 mm
Vind: Flau vind fra Vest-sørvest 0.9 m/s 
Trykk: 1027.7
Dato: 19.09.2019
Fre
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sørvest 3.3 m/s 
Trykk: 1024.0
Dato: 20.09.2019
12°
Lør
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Sør 3.6 m/s 
Trykk: 1021.2
Dato: 21.09.2019
14°
Søn
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sør 2.8 m/s 
Trykk: 1015.1
Dato: 22.09.2019
17°
Man
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Nordvest 1.6 m/s 
Trykk: 1013.1
Dato: 23.09.2019
17°
Austrheim StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Austrheim

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Austrheim Kommune
Finn Austrheim
Jobb Austrheim
Leie Austrheim
NRK Hordaland
Strilen
Torget Austrheim

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Mann i 60-årene døde i fallulykkeNRK Sogn og Fjordane
Det var en mann i 60-årene som omkom etter en fallulukke på øya Hovden utenfor Florø onsdag. Årsaken til ulykken er ikke kjent, men det er ikke noe som tyder på at det har skjedd noe kriminelt. Mannens pårørende er varslet.
2019-09-19 00:49:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen open igjenNRK Sogn og Fjordane
E16 er open igjen etter bilberginga i Gudvangatunnelen, melder Statens vegvesen.
2019-09-18 20:41:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen stengtNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 er mellombels stengt grunna bilberging, melder Statens vegvesen.
2019-09-18 20:14:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Motorsykkeluhell i FørdeNRK Sogn og Fjordane
To lettmotorsyklar kolliderte på Hafstadvegen i Førde tidelgare i ettermiddag, melder politiet. Det var ingen personskadar, men nokre lettare materielle skadar. Politiet opprettar ikkje sak.
2019-09-18 19:58:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fallulykke på øya HovdenNRK Sogn og Fjordane
Eit redningshelikopter er sendt til øya Hovden utanfor Florø etter ein person har vore i ei fallulukke, melder hovudredningssentralen Sør-Noreg. Skadeomfang og årsak er førebels uklart. ? Mannskap frå redningssentralen er på staden, seier Steinar Vatne ved hovudredningssentralen.
2019-09-18 15:45:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mykje snø i fjelletNRK Sogn og Fjordane
Det er sendt ut gult farevarsel på grunn av mykje snø i fjellet i Sør-Noreg. Sludd og snøbyer kan gje vanskelege køyreforhold. Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Anne Norheim, rår folk til å bruke vinterdekk.
2019-09-18 15:22:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil du på historisk fylkesting? NRK Sogn og Fjordane
Vestland fylkeskommune vil invitere 10 vanlege innbyggjarar til å vere med på det historiske første fylkestinget.
2019-09-18 13:37:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vart ikkje samde om ordførarenNRK Sogn og Fjordane
Hyllestad Høgre sine forhandlingar med Arbeidarpartiet stranda i går. Geir Helge Nordstrand gjekk høgt ut for Høgre og kravde ordførarvervet, men ville ikkje Ap gå med på. No vender Høgre seg til Senterpartiet i eit håp om å sikre seg ordførarklubba.
2019-09-18 10:02:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna etter flaumNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 610 i Gaular er opna att mellom Osen bru og Eldalsosen. Vegen har vore stengd i fleire dagar på grunn av flaum ved Hestad Kapell. Vegen vart opna i 0830-tida.
2019-09-18 08:39:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

FNB støttar ordføraren i Gloppen NRK Sogn og Fjordane
Folkeaksjonen nei til meir bompengar FNB støttar ordføraren i Gloppen som vil ha smalare europaveg gjennom kommunen. Det seier 1.-kandidat for FNB, Knut Inge Andersen. Andersen meiner planane som er lagde fram for Byrkjelo bør sendast attende til Statens vegvesen for omarbeiding.
2019-09-17 21:51:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fann ikkje feil på sykkel NRK Sogn og Fjordane
Politiet har gjort undersøkingar på sykkelen til familiefaren som tidlegare i haust omkom i ei sykkelulykke på Rallarvegen i Flåmsdalen. ? Vi finn ingen feil på den med tanke på bremsene og andre ting, seier tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen, til Firda.
2019-09-17 19:45:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Elise Thorsnes i landslagstroppenNRK Sogn og Fjordane
Elise Thorsnes vart i går tatt ut i landslagstroppen som skal spele EM-kvalifiseringskampane mot Kviterussland og Færøyane i oktober. Stine Hovland, som på søndag spelte heile kampen då AC Milan slo Roma 3?0 på bortebane, vart ikkje tatt ut i troppen.
2019-09-17 18:39:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen klokka 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-09-17 18:39:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sp vraka Ap i StrynNRK Sogn og Fjordane
Torstein Tvinnereim frå Venstre held fram som varaordførar i Stryn medan Høgre-ordføraren blir bytta ut med Per Kjøllesdal frå Senterpartiet, skriv Fjordingen. Valvinnaren fekk med seg Venstre, KrF og Framstegspartiet på eit valteknisk samarbeid. Dei var først samde med Ap, men vart ueinige om korleis dei skulle fordele formannskapsmedlemmar.
2019-09-17 17:22:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høgre vil ha ordføraren i HyllestadNRK Sogn og Fjordane
Det er framleis uklart kven som får makta i Hyllestad. Sitjande ordførar Morten Askvik (biletet, Sp) vann valet. Men i kveld skal Høgre og Arbeidarpartiet i forhandlingar. Dei to har fleirtal og vil vippe Sp av trona om dei blir samde. Sitjande varaordførar Geir Helge Nordstrand (H) seier Høgre vil krevje ordføraren trass i at dei er mindre enn Ap.
2019-09-17 16:11:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel stengt i fleire timarNRK Sogn og Fjordane
Naustdalstunnelen på riksveg fem mellom Florø og Førde vert stengt i fleire timar i dag. På grunn av ei brannøving er tunnelen stengt mellom kl. 17.30 og kl. 20.30. Det vert kolonnekøyring mellom kl. 17 og 17.30.
2019-09-17 15:05:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snøgrensa kryp nedoverNRK Sogn og Fjordane
2019-09-17 14:27:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegen i GaularNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt av vegen ved Sandaskotet på E39 i Gaular. Det var ein person i bilen og politiet melder på Twitter at vedkommande er oppegåande. Ulukka vart meldt klokka 1351.
2019-09-17 14:11:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Øver på LovatnetNRK Sogn og Fjordane
I kveld frå klokka 16 til 21 skal alle redningsetatane i Stryn kommune øve på Lovatnet. Til stades under øvinga blir både brann, helse, politi, dykkarar, Røde Kors og redningshelikopter. Det melder brannvesenet i Stryn.
2019-09-17 13:57:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Frudalstunnelen opna attNRK Sogn og Fjordane
Riksveg fem er opna att ved Frudalstunnelen. Tunnelen mellom Sogndal og Fjærland, var ein periode stengd på grunn av stein i vegbana.
2019-09-17 13:41:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Frudalstunnelen er stengdNRK Sogn og Fjordane
Riksveg fem er mellombels stengd i Frudalstunnelen, mellom Sogndal og Fjærland. Statens vegvesen opplyser at ein stein, som er opplyst å vere på storleik med ei bøtte, skal ha falle ned i vegbana.
2019-09-17 13:14:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Solheim i villaksstyretNRK Sogn og Fjordane
Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er blant dei åtte i styret for nytt nasjonalt villakssenter. Frå einingar i i Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana kommunar, skal senteret formidle kunnskap om villaksen. Jostein Skurdal, adm. dir. ved Lillehammer museum, leiar styret.
2019-09-17 12:57:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for snø i fjelletNRK Sogn og Fjordane
På føremiddagen i dag er det venta snø heilt ned til 500 meters høgde her i vest. Meteorologisk institutt ber bilistane sko seg setter køyreforholda. Det er frå før av sendt ut gult farevarsel på grunn av mykje snø på fjellovergangane i Sør-Noreg.
2019-09-17 12:49:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hundesjukdomen i Sogn og FjordaneNRK Sogn og Fjordane
Mattilsynet har fått nok ei melding om ein hund frå fylket med liknande symptom på sjukdomen som har tatt livet av fleire titals hundar i haust. Totalt er sju nye tilfelle frå heile landet registrert sidan måndag.
2019-09-17 11:03:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis flaumfareNRK Sogn og Fjordane
Det er framleis gult farevarsel for flaum i store deler av Sogn og Fjordane. Med store nedbørsmengder dei siste dagane, så er vassføringa framleis høg, melder varsom.no.
2019-09-17 09:42:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Streik i FelleskjøpetNRK Sogn og Fjordane
Tilsette ved Felleskjøpet på Skei i Jølster er tekne ut i streik. Over 350 tilsette ved 37 avdelingar av Felleskjøpet Agri er no er i streik over heile landet. Løn og rettigheiter er blant det partane er ueinige om.
2019-09-17 07:09:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fjaler får ny ordførarNRK Sogn og Fjordane
Kjetil Felde (Sp) vert ny ordførar i Fjaler kommune. Han får med seg Leif Jarle Espedal (Ap) som varaordførar. Ap, Sp og SV som er einige om å samarbeide dei neste fire åra.
2019-09-17 06:38:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førarkort beslaglagtNRK Sogn og Fjordane
Ein av sjåførarane som vart involvert i ei ulykke ved Sandvikvegen i Gaupne tidlegare i kveld, har fått førarkortet beslaglagt. Føraren skal ha brote med reglane for vikeplikt.
2019-09-16 21:38:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk kyrkje i bursdagsgåveNRK Sogn og Fjordane
Fortidsminneforeningen fekk ei kyrkje i Vik i bursdagsgåve. Hove steinkyrkje, som er den eldste steinbygningen i Sogn, har vore eigd av Riksantikvaren som har brukt pengar på å setje ho i stand, skriv Sogn Avis.
2019-09-16 21:33:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lustravegen open igjenNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 Lustravegen er no open igjen for trafikk.
2019-09-16 21:02:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lustravegen stengt NRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 Lustravegen ved Sandvik Camping er stengt grunna eit trafikkuhell. Fem personar har vorte sendt til legekontoret for sjekk. Dei skal vere bevisst og oppegåande. Årsak til ulykka er ukjent.
2019-09-16 20:56:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sp får ordføraren i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Senterpartiet får både ordførar og varaordførar i Aurland, skriv Sogn Avis. Komande ordførar Trygve Skjerdal frå Senterpartiet går på sin første ordførarperiode, utan nokon politisk avtale som ville sikra partiet fleirtal i kommunestyret. Senterpartiet fekk 44,3 prosent av røystene i Aurland kommune ved valet.
2019-09-16 19:27:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen klokka 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-09-16 18:40:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil lokke folk med pengarNRK Sogn og Fjordane
Bremanger vurderer å tilby 200.000 kroner i støtte til dei som vil bygge hus og busetje seg i kommunen, skriv Firdaposten. No blir det opp til politikarane om dei skal innføre pengar som lokkemiddel for å få fleire folk til Bremanger.
2019-09-16 17:53:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannøving i tunnel NRK Sogn og Fjordane
Naustdaltunnelen på riksveg 5 vert i morgon stengt mellom 17.30-20.30 grunna brannøving. Frå 17.00 til 17.30 blir det passasje med kolonne gjennom tunnelen.
2019-09-16 16:31:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flaum stengjer fylkesvegNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 610 i Gaular er stengd ved Hestad, aust for Sande. 70-800 meter av vegen ved Hestad Kapell skal stå under vatn. Vegen opnar truleg ikkje før tysdag. Omkøyring for personbilar er på fylkesveg 421.
2019-09-16 14:17:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snøgrensa er på veg nedoverNRK Sogn og Fjordane
Meteorologisk institutt åtvarar mot snø over kring 500-700 meters høgde. Det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold, og snøfokk kan gi redusert sikt og moglegheit for både kolonnekøyring og stengde fjellvoergangar. Det melder varsom.no.
2019-09-16 12:51:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet opna attNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er open att etter uvêret. Men fjellovergangen vert stengd att for natta, mellom klokka 20 og 8 i morgon tidleg.
2019-09-16 12:01:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Effektiv islending i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Islandske Birta Run Grétarsdottir scora ti mål på 11 avslutningar då Førde handball vann 25-24 over Skrim Kongsberg. Dette var 1. divisjonsdamene sin første siger og heimekamp for sesongen. Skrim leia 13-11 til pause.
2019-09-16 11:32:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog med trøbbel NRK Sogn og Fjordane
Eit vogntog sperrar vegen ved Slettevatnet på Hemsedalsfjellet. Vegvesenet melder om at bilberging er på veg. Det er snø og sludd på fleire fjellovergangar måndag morgon.
2019-09-16 06:28:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på grunn av rasNRK Sogn og Fjordane
Fv. 13 over Gaularfjellet er stengt på grunn av ras, melder Statens vegvesen. Det er venta at vegen vil opne att kl. 10 i dag.
2019-09-16 05:51:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Elvar fløymer overNRK Sogn og Fjordane
Politi og brannvesen rykker ut til Oldedalen i Stryn etter melding om elvar som fløymer over. Ei elv skal ha runne gjennom hagen ved eit bustadhus. Dei som bur i husa i nærleiken har opplyst til politiet at dei er trygge. Politiet har førebels ikkje teke stilling til evakuering.
2019-09-15 22:07:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna for trafikk igjenNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 601 Melhus, på strekninga Langhuso-Undredal er no opna for trafikk igjen, melder Statens vegvesen. Vegen vart tidlegare i dag stengd på grunn av ras.
2019-09-15 19:12:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stonndalstunnelen opna igjenNRK Sogn og Fjordane
Stonndalstunnelen på fylkesveg 50 i Aurland er no opna for trafikk igjen, melder Statens vegvesen. Tunnelen har ein periode vore stengd på grunn av ras.
2019-09-15 16:20:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 på Vassenden opna for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Klokka 16 opna E39 for trafikk forbi Vassenden i Jølster. Vegen har vore stengd sidan laurdag kveld på grunn av ras.
2019-09-15 16:02:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fanga uvêret på videoNRK Sogn og Fjordane
2019-09-15 13:31:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No ryddar dei på E39NRK Sogn og Fjordane
Entreprenøren er no i gang med å rydde opp etter raset på Vassenden laurdag. Vegen vil tidlegast bli opna klokka 16 søndag ettermiddag.
2019-09-15 10:30:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Saknar millionær frå FørdeNRK Sogn og Fjordane
Norsk Tipping har førebels ikkje fått kontakt med ei kvinne som vann éin million i Lotto-trekninga laurdag kveld. Om du er kvinne, frå Førde og har eit ubesvart anrop frå 625 60 000, då bør du ringe tilbake.
2019-09-15 10:02:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jordskred sperrar veg i HordalandNRK Sogn og Fjordane
Eit jordskred stenger fylkesveg 314 ved Storforsdammen i Bergsdalen i Hordaland. Det er førebels ikkje mistanke om at nokon er tekne av raset.
2019-09-14 21:19:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd på grunn av flomNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 691 på strekninga Gjengedal - Aa bru er stengd på grunn av flom. Fleire riks- og fylkesvegar er stengde på grunn av vêret.
2019-09-14 20:47:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E16 på Bolstadøyri stengtNRK Sogn og Fjordane
Bolstadøyri på E16 på Voss er stengt grunna fare for ras, melder Vegtrafikksentralen. Det er anbefalt omkøyring via f.v. 7.
2019-09-14 19:40:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengde fylkesvegarNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 92 Vik - Arnafjord og fylkesveg 331 Urnes - Skjolden, er begge stengde i kveld og i natt på grunn av rasfare. Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll er også stengd ved Hundsåna.
2019-09-14 18:35:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bjørlo til toppsNRK Sogn og Fjordane
Alfred Bjørlo frå Stad fekk 1611 personstemmer og inntok dermed førsteplassen på fylkestingslista til Venstre. Toppkandidaten Gunhild Berge Stang, Fjaler, vart flytta frå 1. til 2. plass. Mes populær var Terje Søviknes (Frp) med 7447 perstemmer.
2019-09-14 18:18:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gislefoss om vêrsituasjon i vestNRK Sogn og Fjordane
Store nedbørsmengder er venta inn over Vestlandet.
2019-09-14 16:58:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Står fast i fjellet NRK Sogn og Fjordane
Ein dansk turist har tilkalla hjelp laurdag ettermiddag. Turisten var på tur på Klypedalsnosi i Årdal då han gjekk seg fast ca. 1500 meter over havet, skriv Firda. Mann er godt kledd og er fortløpande i kontakt med politiet. Han har fått beskjed om å halde seg i ro, og mann frå lokalt Røde Kors er sendt oppover for å finne han.
2019-09-14 14:06:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger på grunn av fare for rasNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde vert stengd frå klokka 17 på grunn av fare for ras, melder Statens vegvesen. Ny vurdering klokka 08:30 sundag. Frå før er det varsla at fylkesveg 55 over Sognefjellet vert nattestengd på grunn av uvêr. Fjellovergangen kan også verte stengd på kort varsel på dagtid.
2019-09-14 12:00:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får plass i formannskapetNRK Sogn og Fjordane
Både Venstre og KrF får formannskapsplass i Sogndal, skriv dei to partia i ei pressemelding. Då Senterpartiet valde å gå i samarbeid med SV, gjekk Venstre og KrF i forhandlingar med resten av opposisjonen om eit valteknisk samarbeid om formannskapsplassane.
2019-09-14 09:31:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Overraska innbrotstjuvNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra braut seg i natt inn i eit husvære i Førde. Husværet tilhøyrde ein annan mann i 20-åra som overraska inntrengaren og jaga han på dør, skriv Firda. I følge politiet skal det ha vore ein konflikt mellom dei to mennene, og at det skal ha vore årsaka til innbrotet.
2019-09-14 09:30:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjøpte alkohol til mindreårigeNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 20-åra har godteke ei bot på 9.000 kroner. Mannen skal ved fleire høve i fjor ha kjøpt alkohol til mindreårige. I tillegg lånte han vekk bil til ein som ikkje hadde førarkort og vart pågripen med narkotika.
2019-09-14 08:00:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Astrup til USA og SverigeNRK Sogn og Fjordane
Kunsten til Nikolai Astrup skal ut i verda att. Turneen startar neste sommar i amerikanske The Clark i Massachusetts, før dei kring 100 verka skal stillast ut i Kode i Bergen og seinare Waldemarsudde i svenske Stockholm. I 2016 vitja kring 130.000 den første internasjonale turneen i England, Noreg og Tyskland.
2019-09-13 21:50:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uvêr stengjer SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet blir nattestengt natt til laurag og natt til søndag. Det er venta både vind og kraftig nedbør, noko som gjer at NVE og meteorologane har sendt ut fleire varsel. Statens vegvesen opplyser at Sognefjellet også kan bli stengt på kort varsel på dagtid.
2019-09-13 16:52:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sp og MDG skal styre VestlandNRK Sogn og Fjordane
Jon Askeland (Sp) blir fylkesordførar og Natalia Golis (MDG) blir fylkesvaraordførar i nye Vestland. Dei skal leie storfylket saman med KrF, SV, Venstre og Arbeiderpartiet.
2019-09-13 16:09:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tapte nye VoldaNRK Sogn og Fjordane
Hornindal-ordføraren Stig Olav Lødemel (H) fekk flest personstemmer og slengjarar i valet til nye Volda kommune. Det heldt likevel ikkje til å bli ny ordførarar. Sølvi Dimmen og Sp skal leie storkommunen, medan Sverre Leivdal (Ap) frå Hornindal vert varaordførar,
2019-09-13 14:21:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Einige om VestlandNRK Sogn og Fjordane
Senterpartiet, MDG, KrF, SV, Venstre og Arbeidarpartiet innkallar til pressekonferanse om resultatet av forhandlingane i Vestland fylke etter valet. Dei presenterer forhandlingsresultatet klokka 16.00.
2019-09-13 13:13:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Firdaposten: Sp krev folkerøystingNRK Sogn og Fjordane
Senterpartiet skal ha krevd ny folkerøysting om Kinn i bytte mot at Ap får ordføraren. Det erfarer avisa Firdaposten, som følgjer forhandlingane i storkommunen. Ingen av partane vil stadfeste opplysningane til avisa. Arbeidarpartiet har forhandla med Sp, SV, Raudt og MDG det siste døgnet.
2019-09-13 12:51:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kallar inn til pressemøteNRK Sogn og Fjordane
Påtroppande Sunnfjord-ordførar Olve Grotle (H) kallar inn til pressemøte klokka 11.30 fredag. Det er usikkert kva som vil kome fram. I går hausta dei kritikk for lønsnivået til varaordførar Jenny Følling (Sp).
2019-09-13 11:22:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Truleg ferdig som ordførar NRK Sogn og Fjordane
Gunhild Berge Stang (V) er truleg ferdig som ordførar i Fjaler, skriv Firda. Førstekandidat Leif Jarle Espedal i Ap Fjaler fortel at det går mot eit samarbeid mellom Ap, Sp og SV.
2019-09-13 10:10:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Første kvinne i BremangerNRK Sogn og Fjordane
Anne Kristin Førde frå Arbeidarpartiet blir første kvinnelege ordførar i Bremanger. Det er klart etter at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i går kveld vart samde om samarbeid den komande fireårsperioden, skriv Fjordenes Tidende. Magne Kjerpeseth frå Senterpartiet vert varaordførar.
2019-09-13 07:28:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis forhandlingar i VestlandNRK Sogn og Fjordane
BT melde i går at Jon Askeland (Sp) blir den første fylkesordføraren i Vestland. ? Dette er enno ikkje avklart, seier han til NRK. Likevel vart det i går kveld klart at partikollega Sara Sekkingstad blir ordførar i nye Alver kommune, der Askeland var ordførarkandidat.
2019-09-13 07:10:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hund som beit gut (4) er avlivaNRK Sogn og Fjordane
Hunden som beit ein fire år gammal gut, i Gloppen i sommar, er no avliva. Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding. Guten fekk store hovudskadar, og hamna på sjukehus som følgje av hendinga.
2019-09-12 21:37:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Einemo med motsøksmål NRK Sogn og Fjordane
Johannes Einemo, som er under etterforsking av politiet for ein påstått valdshending i Lærdal i sommar, har vald å gå til motsøksmål for falske skuldingar. ? Min klient har meldt fornærma for falsk politimelding, og tap av store summar, seier advokat Lous Anda til Porten.no.
2019-09-12 21:07:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ynskjer avgang for GrandeNRK Sogn og Fjordane
Gunnar Silden i Stad Venstre er ein av mange politikarar i partiet som meiner at Trine Skei Grande må skiftast ut som leiar etter det svake valet. ? Me treng ein ny partileiar og ein ny leiing, seier Silden til VG.
2019-09-12 20:28:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Askeland blir fylkesordførarNRK Sogn og Fjordane
Jon Askeland vert fylkesordførar i nye Vestland fylke, skriv Bergens Tidende. Avisa meiner å vite at noverande fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) heller ikkje får vervet som fylkesvaraordførar. Det skal vere klart etter at seks parti dei siste dagane har forhandla om ei ny styringsplattform i det nye fylket.
2019-09-12 18:36:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fusjonerer med BKK NRK Sogn og Fjordane
Hyllestad-selskapet MultiVolt fusjonerer med entreprenørselskapet BKK Enotek. ? Fusjonen er ein del av strategien om å skape fleire arbeidsplassar i Sunnfjord og ytre Sogn, seier administrerande direktør I BKK Enotek, Ketil Tømmernes.
2019-09-12 17:32:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for NAV-svindelNRK Sogn og Fjordane
Og ei kvinne frå Sogn må i fengsel i 60 dagar for å ha svindla NAV for 175.000 kroner skriv Porten.no. Kvinna tilstod i retten at ho hadde gitt urette opplysningar til NAV som gav ho meir dagpengar enn ho hadde rett på.
2019-09-12 16:55:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Satsar 50 millionar på landstraumNRK Sogn og Fjordane
Eigaren av den private cruisekaien i Skjolden, Oddvar Røysi, vil bruke 50 millionar kroner på å byggje eit landstraumanlegg for cruiseskip. ? Dersom eg ikkje får statleg hjelp, får eg finansiere dette sjølv, seier Røysi til Sogn Avis.
2019-09-12 15:31:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Berre eit hus i faresone på SlåttenNRK Sogn og Fjordane
Ei ny faresonekartlegging syner at berre eitt bustadhus ligg innanfor faresona for 1000-års skred, på Slåtten i Jølster. ? Dei andre bustadhusa ligg trygt for 1000-årsskred, fortel NVE sin regionsjef Brigt Samdal.
2019-09-12 15:14:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blant dei mest robusteNRK Sogn og Fjordane
Norske kommunar si evne til å takle ulukker og katastrofar spriker, ifølgje ein ny studie. Blant dei mest robuste kommunane finn vi Leikanger som skårar 3,6 på kor godt dei er i stand til å takle naturkatastrofar og andre alvorlege hendingar. Det melder NTB.
2019-09-12 11:58:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil heve bilen frå JølstravatnetNRK Sogn og Fjordane
Politiet vil heve den sakna bilen i Jølstravatnet, seier politisjef Arne Johannessen. Ein mann i 50-åra har vore sakna sidan 30. juli. Sikta i vatnet har vore for dårleg til å undersøke om mannen er i bilen. Politiet lyser hevingsarbeidet ut på anbod.
2019-09-12 11:22:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

«Super-Rex» til EikefjordNRK Sogn og Fjordane
André Frøyen Reksten klarte ikkje vere fotballpensjonist veldig lenge. 30-åringen gav seg tidlegare i haust etter over 20 år i Florø-trøya. No skal han igjen spele saman med sin tidlegare lagkamerat, Erlend Hove, i 6. divisjonsklubben Eikefjord. Hove gav seg som spelar på toppnivå etter ein sesong i 1. divisjon.
2019-09-12 08:23:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Grotle vann maktkampenNRK Sogn og Fjordane
Førde-ordførar Olve Grotle (H) blir ordførar i nye Sunnfjord kommune, Jenny Følling (Sp) blir varaordførar. Det er klart etter forhandlingar onsdag kveld. Det var Firda som først fortalde at avtalen var i boks.
2019-09-12 00:18:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bjørlo blir ordførarNRK Sogn og Fjordane
Alfred Bjørlo (V), blant anna kjend frå Nytt på nytt, blir den første ordføraren i nye Stad kommune. Det blei klart onsdag kveld. Siri Sandvik (Ap) blir ny varaordførar. Stad er ei samanslåing av kommunane Selje og Eid i Nordfjord.
2019-09-11 21:34:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kampen om Sunnfjord-maktaNRK Sogn og Fjordane
Rett etter brot i samtalane mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet, gjekk Sp inn i nye møte, men denne gongen med Høgre. Partia prøver å bli samde om kven som skal styre nye Sunnfjord kommune.
2019-09-11 20:49:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen direkteNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
2019-09-11 18:50:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestland: Truleg avtale torsdagNRK Sogn og Fjordane
Den store valvinnaren Sp har sidan valnatta forhandla med Ap, KrF, SV, Venstre og MDG om ein plattform som sikrar partia 38 av dei 65 mandata i fylkestinget i Vestland. Forhandlinga går enno føre seg, og er konstruktive, får NRK opplyst onsdag kveld. Det er tru på semje, men truleg vil partane forhandla vidare torsdag. ? Ingenting er klart før alt eventuelt blir klart. Alle partia må kjenna på gjennomslag og det er eit ønske at dei partia som er gått saman finn igjen politiske sigrar i dokumentet, seier Tor André Ljosland, medlem i KrF sitt forhandlingutval, til NRK onsdag kveld.
2019-09-11 18:49:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistenker ruskøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra blei onsdag kveld stogga av politiet, mistenkt for køyring i rusa tilstand.
2019-09-11 18:46:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trer til side etter val-nederalgNRK Sogn og Fjordane
Kjetil Kvåle trer til side og vil ikkje fronte Arbeidarpartiet i nye Sogndal. Det skriv han sjølv på Facebook. Partiet gjorde eit katastrofeval og endte på 16,1 prosent. Kvåle vart også passert på lista av sin andrekandidat som fekk fleire personstemmer enn han. Difor blir det Henny Kristin Asperanden Navarsete som blir formannskapsmedlem for Sogndal Ap dei neste fire åra.
2019-09-11 14:24:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brunt drikkevatn i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Førde kommune har fått meldingar om brunt vatn i springen. Misfarginga skal skuldast arbeid på hovudvassleidninga. Det skal ikkje vere farleg å drikke vatnet, men det vert anbefalt av kommunen å la det renne til det vert klart.
2019-09-11 13:57:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje harepest som er årsakaNRK Sogn og Fjordane
I ein ny statusrapport frå Veterinærinstituttet utelukkar dei at det er harepest som er årsaka til den alvorlege hundesjukdomen som har herja i landet den siste tida, melder NTB. Dei utelukkar derimot ikkje at det kan skuldast ein sesong-relatert sjukdom, som er kraftigare enn normalt.
2019-09-11 13:49:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flest stemmer ? vert ikkje ordførarNRK Sogn og Fjordane
Sven Flo (H) fekk totalt sett flest stemmer under valet i Stryn, personstemmer og slengarar inkludert. Trass i dette tapar han mest sannsynleg ordførarvervet. Senterpartiet vann valet med 34 prosent av stemmene, skriv Fjordingen.
2019-09-11 10:29:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

BKK-pengar kan verte redningaNRK Sogn og Fjordane
Pengane frå fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK, kan syne seg å verte redninga når fotballhallen på Skei og fleirbrukshallen på Vassenden skal fullfinansierast, skriv Firda. I alt manglar 4,9 millionar kroner for å dekke opp for manglande momskompensasjon.
2019-09-11 09:52:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

SV får varaordførarNRK Sogn og Fjordane
Ap kom tysdag kveld til semje med SV om at Vibeke Johnsen skal verte varaordførar i nye Sogndal kommune. ? Me vart samde for ganske kort tid sidan, sa Vibeke Johnsen til Porten.no rundt klokka 22:45. SV gjorde, som Sp, eit godt val i Sogndal kommune.
2019-09-11 07:35:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Duka for familieklubb i Kinn NRK Sogn og Fjordane
På Raudt si liste blir det duka for familieklubb i Kinn kommune i det Geir Oldeide får med seg både dottera Sunniva Oldeide og svigerson Daniel Henrikson inn i kommunestyret. Den siste representanten deira er Marie Kronen Tveranger frå Florø. Dei første varamedlemmane blir Kjell Oldeide (bror til Geir), og Kristin Oldeide (dottter til Geir).
2019-09-11 07:19:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen einigheit i kveldNRK Sogn og Fjordane
Etter timevis med forhandlingar vart det slått fast Jenny Følling (Sp) og Helge Robert Midtbø (Ap) ikkje klarte å bli einige tysdag kveld. Forhandlingane vil halde fram onsdag.
2019-09-10 23:34:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i FjalerNRK Sogn og Fjordane
To motorsyklar har køyrd av vegen i Fjaler ved Nistadlia, Fylkesveg 57. Naudetatane er på staden. Vegen er stengt.
2019-09-10 20:45:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Olve Grotle med flest personstemmerNRK Sogn og Fjordane
Førde-ordførar Olve Grotle frå Høgre fekk flest personlege stemmer av alle i nye Sunnfjord. Totalt fekk han 2.285 stemmer. Helge Robert Midtbø frå Ap og Jenny Følling frå Sp fekk begge kring 1.800 personlege stemmer.
2019-09-10 20:23:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl. 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
2019-09-10 18:49:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hydro kutter opptil 735 årsverkNRK Sogn og Fjordane
Hydro skal spare 600 millionar ? kutter opptil 735 årsverk, melder NTB. Kutta skal takast i segmentet «valsede produkt», som i lengre tid har levert skuffande resultat. Målet er å styrke lønnsomheten betrakteleg, ifølge Hydro.
2019-09-10 16:57:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I landstoppen for fullføring av VGSNRK Sogn og Fjordane
Fleire fullfører og består den vidaregåande skulen i Akershus og i Sogn og Fjordane enn nokon annan stad i landet, melder NTB. Av dei som starta på vidaregåande i 2013 fullførte 75,3 prosent i landet opplæringa fem år seinare.
2019-09-10 16:02:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestland er best i valdeltakingNRK Sogn og Fjordane
62,6 prosent av innbyggarane i Vestland deltok i fylkestingsvalet 9. september, opplyser Hordaland fylkeskommune. Dermed er fylket best i landet i valdeltaking. Nest best er Rogaland med 60,6 prosent, og Trøndelag er på tredje plass med 60 prosent.
2019-09-10 14:17:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Austrheim StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.